Minner fra Midjo

Ingolf Svinnset fra Midsund utenfor Molde flyttet inn i nytt hus på Midjo i Steinkjer samme dag som Tyskland Invaderte Polen. Han har skrevet ned hva han husker fra de redselsfulle døgnene da Steinkjer ble angrepet av tyskerne.

Steinkjer angripes av tyskerne både sødag 21. april og mandag 22. april. Bildet er utlånt av Erling Lorentsen.

Felttoget i Nord-Trøndelag

Vi flytta inn i huset vårt same dagen som tyskarane gjekk inn i Polen. Vi fylgde med i radio og tok til å skjøna at det kunne bli ein ny verdskrig. Men eg trur ikkje nokon trudde at landet vårt så snart skulle bli okkupert. Det kom engelske soldatar til Steinkjer, og ein morgon fekk vi melding om å melde oss til arbeid ute ved Trana teglverk. Per, eldste son vår, og eg mante opp der saman med nokre andre frå krinsen, og vi vart sett til å legge murstein som golv i tegelverkbygninga. Vi sa oss i mellom, at dei truleg skulle kjøra inn tunge stridsvogner.

Eit tysk fly hadde i fleire dagar krinsa rundt Steinkjer og fotografert, og det gjekk ikkje så lenge utover dagen før tyske fly tok til å bombe Steinkjer. Den engelske kapteinen som hadde kommandoen ved teglverket gav ordre om at vi skulle fare heim, men berre to og to i lag. Vi høyrde skyting ute ved Sandvollan, og fekk sidan vite at det var kamp mellom engelske og tyske tropper. Då vi gjekk heim hagla det av bomber over Steinkjer, og husa stod i brann. Vi forstod ikkje kor farleg det var då vi gjekk gjennom Tranaskogen, for vi stansa og rekna etter kor mange bomber eit fly slepte. Det vart skote frå flya og eg høyrde susen av ei kule som gjekk forbi oss. Oppe på Steinkjerbakken kjende vi eit hardt lufttrykk, og då vi snudde oss såg vi eit hus som var kløyvt i to, og bøker flaug gjennom lufta.

Vi skunda oss heim, og litt etter kvart kom flyktningar frå Steinkjer til oss. Engelske soldatar skunda seg etter vegen nordover, og mange av dei hadde kasta frå seg geværet, skinnvestar og tyngre kledeplagg. Eg tok ein skinnvest, men leverte den over til ein som kom kjørande oppover dalen. Eit gevær gøymde eg førebels, men gav det sidan bort til ein kjenning i Øvre Ogndal, og han hadde det under heile krigen og brukte det på jakt. Det strøymde stadig folk oppover Ogndal, og innan morgonen var det 31 menneske i huset vårt. Men dei reiste oppover dalen litt om senn, og så vart det 12 igjen attåt oss fem. Det gjekk soleis fort at den maten vi hadde kjøpt inn minka, men vi var seinare heldig og fekk nokre boksar Corned Biff frå eit engelsk lager. Ordførar Gausen, Steinkjer, og familien hans budde hos oss. Han var mellom anna forretningsførar for Grand Hotell, og han spurde om eg ville vera med og redda ut noko før huset brann opp. Dei første bombeflya hadde reist, og enno brann ikkje alle hus. Hotellet stod enno, og vi bar ut ymse ting som vi tenkte å taka heim sidan. Vi tok med oss nokre pakkar, mellom anna to milde sigarettar som sidan vart utdelt til norske fangar som arbeidde på vegen Risgropa mot Egge. Då vi sidan skulle hente det vi hadde bore ut av Grand Hotell, synte det seg at alt var borte. Flya kom seinare og bomba resten av Steinkjer, men jarnbanestasjonen, kornsiloen, folkeskolen, gymnaset og eit par andre hus vart ikkje skadd.

Som før fortalt var vi mange i huset, og vi sat og prata og ante ikkje at tyskarane var komne før kulespruten frå maskingevær kom som ei lysande stripe mellom stova og uthuset. Vi sprang då i kjellaren. Det var tidleg på kvelden, og dei fleste hadde for lite klede på seg. Eg gjekk då opp i gangen og soveroma og samla saman en del klede, men eg vart ståande ei god stund før eg torde springa rundt huset til nedgangen åt kjellaren, for kulespruten flytta seg av og til frå uthuset til våningshuset. Eg undrast på seinare kvifor ikkje ei einaste kule hadde råka husa, men fekk svar på dette då eg seinare fekk vita kvar maskingeværet stod oppstilt. Det synte seg at to jordhaugar på Midjo gard låg slik til, at når kulespruten gjekk mellom dei, så råka den ikkje husa. Kjellaren vår var delt i fleire rom med mur mellom. Eg stod og såg gjennom vindauga heilt til klokka sju om morgonen.

 Dei andre var i eit rom lenger inne i kjellaren. Det var ei fæl natt. Eg såg korleis dei store husa på garden Midjo vart skoten i brann. To eldre damer frå Steinkjer brann inne der, og alle dyra i det store uthuset brann inne. To gonger skaut dei lysbombe mot huset vårt, men det var truleg for å sjå om det var engelske tropper oppe i lia. Eg var redd for at huset skulle bli skote i brann, så eg sa til dei som sat inne i kjellaren at dei måtte vera ferdig til å røme til skogs dersom eg varsla. I ei vedkasse i størhuset låg hunden vår. Han låg heilt stille heile natta, og han skjøna nok at det var noko som ikkje var som det skulle. Han var seinare heilt rasande når han såg ein tyskar. Om han låg inne i kjøkenet, så høyrde han når tyskarane kom marsjerande oppover flå Steinkjer, og då for han fort opp på ein stol og såg ut gjennom vindauga samstundes som han knurra og håret reiste seg i nakken.

Om morgonen gjekk vi opp i stova, og då var det godt med mat og kaffi. Tyskarane hadde teke inn i husa rundt oss. Vårt hus var så nytt at dei hadde det ikkje på kartet. Det kom ein til oss då det lei ut på føremiddagen. Eg var ikkje heime då, men dei fortalte at det visstnok var ein offiser, for han hadde flat luve. Han sa at ingen trengte å vera redde no sidan engelskmennene var jaga, for no hadde tyskarane kome for å verna om oss. Seinare kom ein annan offiser. Han såg på Kragen min som hang på veggen, og på fleire radioar som flyktningar hadde med seg, men gjekk utan å seia noko. Kona og eg gjekk til Garden Gjeldvoll for å sjå korleis det stod til i fjøset. Vi visste at folket på garden hadde rømt oppover dalen. Berre ein gamal mann var att heime. På garden var det fullt av tyskarar. Ein østerrikar var med oss i fjøset. Vi gav dyra mat og mjølka. Det var kamp oppe ved Sunnan, og vi høyrde skota.

Det var ein underoffiser som var med oss i fjøset, og han gjorde sitt beste for å gjera oss rolege og trygge. Det kom ein soldat inn i fjøset, og underoffiseren tok han med seg ut i fjøsgangen. Dei tala om krigen, og eg høyrde underoffiseren sa: " Tal ikkje høgt for det er ein lærar inne i fjøset". Eg fekk tak i noko av samtalen, mellom anna at to tyske soldatar hadde falle ved Sunnan. Dagen etter gjekk vi til Vibe gard, (største garden i Ogndal) Ytterdøra stod open, og då vi gjekk inn, fekk vi sjå at tyskarane hadde herja inne i stova. Det låg bankbøker på golvet, og stolar og bord var velta, så tyskarane hadde nok drukke seg fulle om natta. Vi ordna opp litt, og så gjekk vi bort fjøset. Kyrne hadde ikkje vore mjølka, og vi tok mjølkemaskina og mjølka kyrne. Men mjølka gav vi til grisane, for det hadde kome ost i mjølka. Eit par av grisbryene var knuste. Vi var ikkje dei første som var inne i fjøset sidan tyskarane kom, for Aksel Ramstad hadde kome frå Øvre Ogndal, og han hadde gått i fjøset, gitt kyrne mat, og teke til å mjølka. Medan han dreiv på med det kom ein tysk offiser springande med eit kraggevær han hadde funne hengande på veggen inne i stova. Han var sinna og ropte dum dum kuler. Han truga Aksel med geværet, men han fekk til å forklare at han budde ikkje på Vibe, men hadde kome for å gi dyra mat. Ein som hadde flykta frå Steinkjer hadde hengt att geværet på Vibe, og uheldigvis var kulene fila av frampå spissen. Han hadde truleg tenkt å bruke ammunisjonen på elgjakt.

Medan vi heldt på og stelte i fjøset kom det mange tyskarar og tok inn på garden, og ein løytnant kom inn i fjøset. Han røykte på ein sigarett. Då det låg høy langs båsane, bad eg han om å sløkkje sigaretten. Han gjorde det, og så spurde han om vi visste kvar Kong Haakon heldt til. Etterpå gjekk han. Til Gjelvoll og Vibe gjekk vi kvar dag og gav dyra mat, og vi mjølka kyrne. Ein dag kom ein tysk soldat til Vibe. Han tok ein sykkel, og samstundes bad han om å få ein kasserolle. Eg var med han inn i kjøkenet og fann i ein kasserolle til han. Samstundes sa eg at eg ville gå bort til grannegarden og sjå om familien Andersen var heime.

Då eg tok til å gå gjekk han etter meg med geværet peikande mot meg. Familien Andersen kom ut, og eg fekk tale med dei. Sonen Fritjof var nett komen heim. Han hadde rømt frå krigen i Narvik. Då eg gjekk heimover att var tyskaren meir roleg. Han gjekk ved sida av meg, og hadde børsa i reim over skuldra. Han spurde om det var far min eg hadde tala med, men eg sa at Rolf Andersen og familien var venene våre. Litt etter kvart kom dei som hadde flykta oppover dalen tilbake til heimane sine. Og kvar dag kom det tyskarar køyrande og marsjerande nedover.


Ingolf Svinnsets artikkel ble opprinnelig skrevet for Midsund slekt- og historielag.

Felttoget i Nord-Trøndelag