Hun får Hilmarprisen 2017

Ingebjørg Harman Bratland får gjev pris i Steinkjer.

Ingebjørg Bratland er klar med soloutgivelsen "Berre meg", som henspiller på fjorårets "Heimafrå"-suksess i selskap med Odd Nordstoga. Foto: Gitte Johannessen / NTB  Foto: Gitte Johannessen / NTB

Kultur

– Ingebjørg Bratland er ei av våre unge folkemusikkutøvarar som har makta å nå ut til heile det norske folket og slik gjort ein viktig og uvurderleg innsats for å gjera norsk tradisjonssong - og norsk folkemusikk i det heile - kjend for folk flest. Bratland er ein flott og verdig vinnar av Hilmar Alexandersen musikkpris, opplyser Hilmarfestivalen i ei pressemelding.

Prisen blir delt ut til minne om den store Spellmannannen Hilmar Alexandersen (1902 – 1993). I juryen er Gei Egil Larsen (Stiftinga Hilmar Alexandersen), Anders Skaugen (Nord-Trøndelag Fylkeskommune), Svein Kåre Haugen (Steinkjer kommune) og sekretær er Johan Einar Bjerkem i Stiftinga Hilmar Alexandersen.

Prisen blir delt ut under Hilmarfestivalen ved Gallaforestilling med Steinkjer kulturskole i Dampsaga Kulturhus torsdag 9. november.

Med rot i lokal folkemusikk viste ho tidleg at ho hadde eit stort talent som kvedar. Ho starta med kveding i femårs alderen, og som så mange andre hadde ho Ellen Bojer Nordstoga som lærar. I dag står Ingebjørg Bratland fram som ein av våre aller mest folkekjære songarar. Ho er sjangeroverskridande og er no kjend som ein av våre fremste songarar uansett sjanger. Ingebjørg Bratland er likevel tru mot heimstaden og dialekten sin, og den unike og særprega songstilen hennes fortel heile tida om den sterke forankringa i kvedartradisjonen.

Ingebjørg Bratland har alt ein lang og uvanleg innhaldsrik karriere bak seg. Som ungdom vann ho juniorklassa i kveding på Landskappleiken (NM i folkemusikk og folkedans) heile 4 gonger, og i 2009 vann ho seniorklassa i kveding på Landskappleiken. Bratland er tildelt fleire prisar, m.a. Telemark fylkes kulturpris, og på Landskappleiken 2010 vann ho Fureprisen på 50.000 kroner.

Ingebjørg Bratland har deltatt på og gitt ut ei lang rekke plater. Ho song tittelsporet på NRKserien «Jul i svingen» som fekk Spellemannprisen for beste barneplate i 2006. Saman med Odd Nordstoga, som også skreiv musikken til Jul i svingen, vann ho i 2013 Spellemannprisen i klassa for folkemusikk og gammeldans for CD’n «Heimafrå». I januar 2016 var ho så programleiar for utdelinga av Spellemannprisen.

Tidligere vinnarar av Hilmarprisen:

Susanne Lundeng 1991, Knut Hamre 1992, Leif Inge Schjølberg 1993, Hans Brimi 1995, Sven Nyhus 1999, Petter Andreas Røstad sen. kvartett 2003, Geir Egil Larsen 2004, Majorstuen 2005, Annbjørg Lien 2006, Knut Buen 2007, Gunnar Stubseid 2008, Martin Myhr 2009, Kirsten Bråten Berg 2010, Einar Olav Larsen 2011, Sigrid Moldestad 2012, Arne M. Sølvberg 2013, Gjermund Larsen 2014, Frode Fjellheim 2015 og Steinar Ofsdal 2016.