Misvisande argumentasjon i debatten om InnoCamp Steinkjer

Det er nødvendig å peke på misvisende påstander i Nord-debatten fra ordfører og andre aktører i Steinkjer, skriver Ove Taranger Nesbø i dette innlegget.
Meninger

Steinkjer kommune og næringsaktørane i Steinkjer gjer god og målretta innsats for å legge til rette for godt og fruktbart samarbeid mellom Nord universitet og arbeidslivet i Steinkjer. Det skal dei ha all ære for. Det er likevel nødvendig for meg å peike på missvisande påstandar og argumentasjon frå ordførar, leiinga i Steinkjerbygg AS og næringsaktørar i Steinkjer. Særleg ordførar Gram sine gjentatte påstandar og Ketil Lindseth sin ville kommentar i vg.no og NRK Dagsnytt 18 – «En nasjonal forvaltningsskandale!» - har provosert meg.


Debatt:

En nasjonal forvaltningsskandale!

Om du tror Rosenborg er det eneste som kan vekke engasjement og harme i Trøndelag: Her er saken som bør gjøre alle trøndere – og alle fornuftige mennesker andre steder i landet – inderlig, oppriktig opprørte, skriver Ketil Lindseth.


Om rektor si innstilling slik den ligg føre vert vedteken av universitetsstyret, vert min kvardag og mi jobbframtid i relativt liten grad påverka. Dette er ikkje min kamp, men som tilsett ved universitetet er eg naturleg nok likevel opptatt av kommunikasjonen og debatten vi for tida har på universitetet, i lokalsamfunna og i opne media.  Eg forstår at mine kollegaer, vener og samarbeidspartar i Namdalen og Steinkjer er sinte, redde og provosert over det som dei fryktar kan hende. Eg ser det som heilt naturleg og legitimt at tilsette og studentar ved universitetet, privatpersonar og næringsliv, kommuneleiing, politikarar og andre let sin frustrasjon kome ut og hevdar sine argument for andre løysingar enn forslaget som er lagt fram.

Påstandane frå ordførar Gram & co kan summerast opp slik: Forslaget frå rektor er meiningslaust og eit svik mot Steinkjer. Hovudargumenta er, slik eg les det: (A) Steinkjer har bygd ein ny campus til 450 MNOK på bestilling frå Nord universitet. (B) Nord må uansett betale ei årleg husleige på 18 MNOK, 10 år. (C) Medieklynga i InnoCampus Steinkjer vil gje større samla verdiskaping enn i Levanger.

Frå min synstad opplever eg historia som no rullar i alle kanalar, regissert av aktørar i og nært Steinkjer kommune, er bygd på missvisande informasjon og er etter mi meining i beste fall halvsanningar. Påstandane og argumenta frå kommuneleiinga og andre aktørar i Steinkjer bør ikkje stå uimotsagde.

Det vert hevda at Steinkjer kommune byggjer ny campus for Nord universitet med investeringsramme på 450 millionar kroner. Det er ei halvsanning. Det er riktig at HiNT-leiinga  adresserte eit ønskje og eit behov til det kommunale selskapet DH Eiendom AS om at høgskulen treng eit moderne og arealeffektivt bygg, gitt ein årskostnad mindre enn lik den då gjeldande kontrakten. Det er likevel missvisande å hevde at InnoCamp Steinkjer, slik den vil sjå ut hausten 2019, er bygd på bestilling frå Nord universitet. InnoCamp er ei strategisk satsing frå kommunen. Tiltaket er både legitimt og viktig, men ikkje det same som om Steinkjer kommune har bygd ny campus på bestilling frå universitetet.       

Nord universitet er fagleg organisert i fem fakultet, der tre av desse i dag har aktivitet på Steinkjer. Internt nyttar vi trebokstavsforkortingar når vi omtalar Fakultet for samfunnsvitenskap (FSV), Fakultet for biovitenskap og akvakultur (FBA) og Handelshøgskolen (HHN).  

Det er sterkt missvisande å hevde at heile bygget og investeringa, 450 millionar kroner, er knytt til Nord universitet. Det samla arealet på InnoCamp er oppgitt til 14.000 m2. Arealet som er øyremerka FSV er vel 650 m2, omlag 400 m2 øyremerka medieutdanninga og 250 m2 til kontorlokale.  Likevel er arealet for aktiviteten som er foreslått flytta under 10 prosent av totalarealet. Det er aktiviteten knytt til desse areala som rektor foreslår skal flyttast til Levanger. Det er rimeleg å ta med ein del av fellesarealet i reknestykket. 45 millionar kroner - 10 % av investeringsramma - er mykje pengar, men ei brøkdel av 450 millionar kroner, som er summen som blir brukt som argument for at universitetsleiinga svik Steinkjer.    

Eit anna argument som mykje nytta dei siste vekene er at det ikkje er mykje å spare på flytting av aktivitet frå Steinkjer til Levanger, er at Nord universitet har teikna ein leigekontrakt på ti år, med ei årleg husleige på 18 millionar kroner, til saman 180 millionar kroner. Det er i dag tre fakultet som har aktivitet på Steinkjer: FBA, FSV og HHN, og det er berre FSV sin aktivitet ved Steinkjer som rektor føreslår skal flyttast til Levanger frå 2022.  FBA og FSV-studia i Spill/Opplevelse og 3D-art/Animasjon treng spesialrom. Det er fleire studentar ved HHN enn ved respektive FBA og FSV. Som ein illustrasjon kan ein tenkje seg at husleiga kan delast i tre like delar, 6 millionar kroner i året. Nord universitet sin husleigekostnad knytt til mogeleg unytta lokale i InnoCamp for FSV vert då 42 millionar kroner over dei sju åra. Det er mykje pengar, men ein fjerdedel av 180 millionar kroner.

Dessutan vil desse lokala ikkje stå tomme dei siste sju åra av husleigekontrakten. I følgje dagleg leiar i Steinkjerbygg KF er InnoCamp smekkfullt alt ved oppstart (T-A 11. april 2019). Dekan Ketil Eiane ved FBA skriv i sitt innlegg i T-A 21. mai 2019 at FBA planlegg å utvide si verksemd i Steinkjer. Det er svært sannsynleg at også desse kostnadene, 6 millionar i året, heilt eller dels vil dekkast inn ved framleige eller sal av leigekontrakten. Påstanden om at dette er ein forvaltningsskandale, er meiningslaus og direkte missvisande. 

Det tredje argumentet er at verdien av ei medieklynge med sterkt innslag av medierelaterte studie- og fagmiljøa ved FSV/Nord vert større i Steinkjer enn i Levanger, med tilvising den nyleg framlagde rapporten frå Trøndelag Forskning og Utvikling (TFoU) som skildrar konkurransefortrinn, klyngeeffektar og verdiskapingspotensial for ein medieklynge i Steinkjer. Det vert av andre hevda at film- og TV-miljøet i Levanger er det sterkaste av sitt slag i Trøndelag. Uansett er TFoU-rapporten lite eigna som argument eller kunnskapsgrunnlag for eller mot flytting frå Steinkjer.                       

Om aktørane som no flyttar til InnoCamp kjenner seg lurt, er det ikkje leiinga ved Nord universitet som har lurt dei, dei må heller rette sin indignasjon til rådhuset i Steinkjer. Ordføraren i Steinkjer kjenner seg sviken av rektor ved Nord universitet, det har ordføraren ingen grunn til. Ordførar Gram har heile tida visst at det kunne bli endringar i universitetet sin aktivitet på Steinkjer. Steinkjer kommune har gjort ei investering med ein viss risiko, og det visste dei før dei sette i gang.

Ordførar Gram og Ketil Lindseth hevdar at det er idioti og forvaltningsskandale om styret i Nord universitet flyttar FSV-aktiviteten frå Steinkjer, no når samfunnet har brukt 450 millionar kroner og Nord har inngått ein tiårig leigeavtale til 18 millionar kroner i året. Påstanden er urimeleg og bygde på missvisande argument. Uansett kan ikkje styret i Nord universitet ta ei avgjerd på grunnlag av pengar og ressursar som er brukt, men må ta si avgjerd med tanke på kva som er best på lang sikt for universitetet sjølv, arbeidslivet og samfunnet.

Ove Taranger Nesbø, PhD-kandidat ved FSV, Nord universitet, Levanger