Innlegg:

NRK Trøndelag må la folk snakke ferdig!

Meninger

Eg har alltid likt å høyre på radio, og DAB-radioen gir mange, mange mulegheiter, men – beklager NRK Trøndelag – eg blir lei av at interessante og flinke gjester som de har invitert for å snakke om interessante, spennande og aktuelle tema – stadig blir avbrotne midt i ei tankerekke eller i eit interessant resonnement, berre for at de skal «klemme inn» musikk i tre minutt, og så kan gjesten få fortsette med temaet etterpå, om han eller ho da ikkje har mista tråden i mellomtida.

Eg forstår at konkurransen er tøff for å halde på lyttarane, men kan de fortelje meg om kva for nye lyttarar NRK får med å bryte opp gode samtaler på denne måten?



Og, vi som da går lei av dette, og heller går til andre kanalar der folk faktisk kan få snakke ferdig, eller til reine musikkanalar om ein faktisk vil høyre på musikk – er det da slik at vi faktisk ikkje er ei særleg prioritert målgruppe?

Riktig nok er eg langt oppe i 50-åra, men eg kan ikkje minnast at eg likte at folk vart avbrotne da eg var 20 eller 30 år heller!

Bjørn Ludvig Bergsmo

Bjørn Ludvig Bergsmo.  Foto: Tore Vikan