Aldring – ikkje for ferskingar

Mo i Rana 20170609. Eldre dame med rullator i gang. Modellklarert til redaksjonell bruk. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix  Foto: Kallestad, Gorm

Nyheter

Av og til kan ein få inntrykk av at aldring berre er sol på ei sandstrand, andre gongar høyrer vi om sjukdom, einsemd og dårleg eldreomsorg. For dei fleste av oss blir nok røynda meir nyansert. Men kanskje er det på sin plass å innsjå at aldring først og fremst er eit taps-prosjekt? Og at vi treng både ein individuell og ein kollektiv meistringsstrategi?

Som representant for «the silver tsunami» som nå er i ferd med å skylle inn over velferds-Norge, er det kanskje ikkje så rart at også eg spekulerer på korleis framtida vil bli. For sjeldan har nasjonen opplevd ei liknande demografisk endring. Det kan gjere ein og kvar nysjerrig og kanskje litt uroleg, både på eigne vegner og på vegner av våre etterkommarar som skal ta vare på oss.

Det er skrevi eit utal av bøker om aldring og alderdom, og det er eit gjennomgangstema i aviser, vekeblad og andre mediar, med gode råd om kosthald, trening, og alskens preparat som skal holde oss unge og friske, visstnok inn æva. Men det er da også nok reportasjar om sjukdom, einsemd, dårleg eldreomsorg og tragisk død.

Så korleis blir det å vere ein del av denne «tsunamien», som når sitt maksimum i løpet av 2020- og 2030-åra? Skal vi tru på alle dei råda vi får og satse på at vi held oss unge til «the bitter end»? Eller er det på sin plass med ei noko meir nøktern tilnærming? Dette er temaet for denne kronikken.

Når eg les «Vi over 60» og liknande blad kan eg få inntrykk av at aldring er omtrent som på nytt å oppleve ei lykkeleg ungdomstid: Fri frå alle plikter, realisere seg sjølv, reise, kose seg, i det heile tatt - leve livet. Og med pensjonistar med utsjånad som femtiåringar, på fjelltoppar, på ei syden-strand eller i ein danse-bar.

I åra som kjem, med store årskull av stort sett friske ung-pensjonistar, er dette bildet kanskje ikkje så feil, i alle fall for nokre. Men for det store fleirtalet er nok realitetane meir nyanserte. For aldring er ein sakte og uavvendeleg prosess, både fysisk, mentalt og sosialt. Prosessane er høgst individuelle, men essensen er nok ikkje først og fremst ei reise inn i ei ny ungdomstid fri for plikter. Nei, når vi går aldringa nærare etter i sømmene må vi nok ta inn over oss at ho er prega av prosessar og opplevingar som dei færraste av oss vil oppleve som berre positive. Det dreier seg om ulike type tap, fysiske, mentale og sosiale, dei aukar gjerne eksponensielt, og endar med at vi tapar alt – sjølve livet. Kanskje er det greit å innrømme det først som sist at aldring er eit taps-prosjekt? Kanskje kan ei litt meir nøktern haldning til denne delen av livet gjere oss i stand til å meistre dei ulike utfordringane som møter oss på ein god måte?

Reint fysisk startar aldersendringane alt i 30-40-års-alderen. Men sjølv om fysiologien gradvis blir endra, vil dei fleste i mange år vere i full aktivitet både yrkesmessig, familiemessig og sosialt elles. Mange vil vere på topp karrieremessig i 50-årsalderen. Når vi rundar 60 år risikerer vi at vi får tilbod om pensjonsførebuande kurs og seniorsamtale på jobben, AFP er innan rekkevidde, og vi oppdagar at fleire jamaldrande alt har slutta i arbeidet, mange på grunn av sjukdom. Vi kan skimte avrundinga av yrkeslivet i horisonten. Nokre vil sikkert sjå fram til dette – ei avslutning på eit langt og strevsamt yrkesliv. Men for andre er det kanskje omkring denne perioden ein for alvor begynner å oppleve at ein også er i ferd med å miste noko.

Når vi går inn i pensjonsalderen blir dette meir tydeleg. Det dreier seg ikkje berre om tap av jobb, men også om tap av kontakten med kollegaer og det sosiale nettverket på jobben. For mange kan det også bety tap av identitet og sosial status, i tillegg til dårlegare økonomi og redusert kroppslege og kognitive funksjonar. Seinare vil mange oppleve andre tap, frå ganske prosaiske, men likevel tap som betyr mykje, som tap av førarkortet, til redusert førligheit, hemmande sjukdommar og tap av ektefelle/partnar. Hos mange vil sjølvbildet bli dårlegare. Kvar av disse tapsopplevingane vil påverke livet på vesentlege måtar.

Men så kan ein innvende: Aldri har dei gamle vori friskare, aldri har dei levd lenger, aldri har dei hatt betre økonomi. Stadig høyrer vi historier om spreke 90-åringar. Fortellinga om eldre i Norge anno 2019 er jo ei suksesshistorie, så kvifor vere bekymra? Jo, for dette bildet har også ei bakside: Kvart år tek 100-120 nordmenn over 65 år sitt eige liv, kanskje er talet høgare. Det er særleg menn over 65 år som er utsett. Ingen, bortsett frå unge menn, har høgare sjølmordsrate. For aldring rører ved noko djupt i mannsrolla. Ein viktig faktor er sjukdom. Plutseleg innsettande funksjonssvikt hos eldre menn med tidlegare høgt funksjonsnivå er eit faresignal. Mange har vori handlingsdyktige, dei har meistra det meste og vori vant til å ha kontroll. Fallhøgda når funksjonstapet rammar dei, blir difor stor. Dei er uvillige til, eller klarar ikkje, å akseptere tapa. Så det er nok ingen grunn til berre å idyllisere alderdommen.

Ein god alderdom handlar dels om å prøve å utsette tapa så lenge som muleg, men først og fremst om å meistre tapa, både dei tapa som vi veit kjem og dei som kjem uventa. For noko er muleg å sjå på førehand, mens mykje er tilfeldig. Kvar enkelt av oss kan gjere ein eigeninnsats, men mange av oss vil i tillegg trenge hjelp av andre, kanskje frå familien dersom det er muleg, eller av samfunnet rundt oss. Vi kan difor snakke om at vi har behov for både ein individuell og ein kollektiv meistringsstrategi.

Individuell forebygging. Det er når vi nærmar oss pensjonsalderen at vi for alvor kan dra nytte av en mangeårig sunn livsstil, eller kanskje merke ulempene ved ein mindre sunn livsstil. Dette gjeld bl.a. bevegelsesapparatet, etter som førligheit er så viktig. Eit liv med sunt kosthold og rikeleg fysisk aktivitet gir mindre risiko for å ha blitt overvektig og for å ha fått hjarte- og karsjukdom og diabetes, musklane er sterkare og balansen betre. Det er også haldepunkt for at andre helsefremmande faktorar betyr mykje, som det å vere engasjert i noko, og å vere i mental aktivitet slik at også minnet blir stimulert. Dei som greier å sjå livet i ein større samanheng (sense of coherence) har ein fordel, og det same gjeld dei som har utvikla god sans for humor.

I tillegg til desse individuelle tiltaka er det kanskje like viktig å ta vare på det sosiale nettverket. Ein ektefelle/partnar kan vere gull verd, og det same kan barn og barnebarn vere, dersom dei er i nærleiken. Venner, tidlegare kollegaer og naboar er også viktig for mange. Det er difor all grunn til å stelle godt med både ektefelle/partnar, barn, barnebarn, venner og andre. Kulturelle aktivitetar, inklusive deltaking i lag og foreiningar, har vist seg å vere viktig for helsa. Alt dette er individuelle tiltak som kan førebu oss til alderdommen.

Planlegging. Andre forhold kan vi bu oss på meir praktisk. Kanskje er det muleg å planlegge avviklinga av yrkeslivet ved ei gradvis nedtrapping, det kan være grunn til gå gjennom økonomien og tenke over om huset eller leiligheten er tilpassa redusert evne til å bevege seg. Det å miste førarkortet blir av mange opplevd som dramatisk. Det betyr ikkje berre redusert bevegelighet og redusert fridom, men kan også verke audmykande og påvirke sjølvbildet. For dei av oss som lever lenge nok, er det imidlertid ikkje spørsmål om vi mistar førarkortet, det er spørsmål om når. Dersom vi på forhånd har tenkt gjennom korleis vi kan innrette oss når vi mistar førarkortet, vil dette tapet kanskje vere lettare å takle.

Reservar som kan mobiliserast. Trass i at vi har prøvd å ta vare på helsa og planlagt det praktiske så godt som muleg, vil dei aller fleste av oss før eller sidan trenge hjelp. Da er det spørsmål om reservane kan mobiliseres. Dei som har ein frisk ektefelle/partnar eller annan nær familie som kan hjelpe til, er heldige. Venner, tidlegere kollegaer og naboar kan også for nokre vere ein viktig ressurs, sjølv om dei tette lokale nettverka er sjeldnare i dag enn for nokre tiår tilbake.

Mange er difor nøydde til å stole på det offentlege hjelpeapparatet, dvs. heimehjelp, heimesjukepleie og kanskje sjukeheim, og med medisinsk oppfølging av fastlege og sjukehus. Så da spørs det kva det offentlege har å tilby når behovet melder seg. Sjukehusa konkurrerer om kor raskt dei kan skrive ut pasientane og overlate ansvaret til kommunane. Det har hittil vori vanskelegere å få auge på ei tilsvarande oppbygging av kompetanse og kapasitet i kommunane. Trenden har vori at sjukeheimskapasiteten blir redusert og at ein heller bygger omsorgsboligar. Denne privatiseringa av eldreomsorga gjer at kommunane får mindre ansvar. Korleis dette vil fungere i praksis når eldrebølga for alvor slår inn, har vi enno ikkje sett.

Behandling og lindring. Mange sjukdomar og plager kan sjølvsagt behandlast og lindrast, noko som blir gjenspeilt i statistikk over legekonsultasjonar, sjukehusinnleggingar, medisinbruk og andre behandlingsformer. Etter som mange eldre vil ha fleire kroniske sjukdommar, vil behandlingspresset auke når talet på eldre aukar, sjølv om forebygging og behandling kan dempe auken for nokre sjukdommar. For eksempel kan auken i talet med demens bli noko mindre enn ein tidlegere har trudd, etter som mange eldre nå har høgare utdanning og har levd eit sunnare liv enn generasjonen før oss. Likevel – for å få ein god alderdom vil vi være avhengig av eit godt fungerande behandlingsapparat.

Denne gjennomgangen viser at mange brikker må vere på plass dersom vi skal være rimeleg sikre på å få ein god alderdom. Vi er avhengig av eigeninnsats, men er også avhengig av at samfunnet rundt oss kan stille opp. Vi kan difor snakke om både individuell og kollektiv mestringsevne.

Filosofar og forfattarar har peika på at vårt moderne samfunn ser på det å vere avhengig av andre som noko mindreverdig, og at vi har en forakt for veikskap. Og når det å vere avhengige og veike blir uverdig, vil vi helst skjule det og nekte for det. Men da ser vi også bort fra at det å vere avhengige, sårbare og dødelege er noko av grunnvilkåra i alle menneska sine liv. Om ikkje før, er alderdommen eit tidspunkt vi blir konfrontert med slike problemstillingar og verdiar. For i kor stor grad vil vi akseptere sjukdom, og å vere sårbare og avhengige av andre?

Kanskje er det håp om at den generasjonen som no blir pensjonistar vil greie rolla som gammal betre enn tidlegare generasjonar. Vi opplevde likestillingskampen på 1970-tallet på kroppen. Også vi menn fekk ta del i barnestell og husarbeid, og vart til ein viss grad frigjort frå den tradisjonelle macho-rollen som tidlegare generasjonar var opphengt i. Vil dette hjelpe oss til å akseptere vår egen sårbarheit når vi blir gamle? For dersom vi skal få ein god alderdom, må vi lære oss å vere gode taparar. Vi må vere budde på ekskluderinga både frå arbeidslivet og kanskje også vårt tidlegare sosiale liv, vi må vere budde på dårlegare funksjon, både fysisk og mentalt, og vi må vere budde på alvorleg sjukdom. Desto viktigare blir vår evne til å kompensere, finne andre verdiar i livet, til å mobilisere meistringsevna - og akseptere at vi er sårbare og avhengig av dei rundt oss. Dette vil ikkje bli lett, det krev erfaring og livsvisdom, det krev pågangsmot, vilje, energi og humor, kanskje galgenhumor. Dette er ikkje noko for ferskingar.

Men mange, kanskje til og med dei fleste av oss som tilhøyrer «the silver tsunami» med brukbar helse, bra økonomi, familie og eit sosialt nettverk, vil truleg greie dette bra. Dei som har råd og ikkje heilt stoler på at kommunen kan gje den hjelpa dei meiner dei fortener, vil kanskje også sette til side pengar, slik at det er muleg å leie private omsorgstenester. Alle desse har grunn til å sjå fortrøstningsfullt på åra framover.

Spørsmålet er korleis det går med dei som er i ein mindre heldig situasjon, dei som er sjuke, har dårleg økonomi, ingen nær familie og ikkje noko godt sosialt nettverk. Kanskje har dei heller ikkje budd seg på kva alderdommen medfører, verken mentalt eller praktisk. Da spørs det om samfunnet rundt har vilje og evne til å gje den støtta som trengst. Ein klassedelt «silver tsunami» og ei klassedelt eldreomsorg kan vere eit realistisk scenario. Dette vil bli ein viktig test av verdigrunnlaget i det framtidige velferdssamfunnet.

Jostein Holmen

Professor emeritus dr. med HUNT forskningssenter, ISM, NTNU