Svarer på kritikken: De fleste ønsker seg en god blanding av prat og musikk i NRK P1

Nyheter

Tusen takk for at du engasjerer deg i det vi sender på radioen! Å lage ein god komposisjon som gjer at dei mange tusen som høyrer på, heng med i sendinga, er noko vi jobbar med heile tida. For det er ikkje noko mål for oss å avbryte interessante samtalar med musikk.



Samtidig så veit vi at dei aller fleste ønsker ei god blanding av prat og musikk i NRK P1. Nokon seier at det blir lettare å følgje med dersom intervjua ikkje blir for lange, andre seier at det er godt om praten blir delt opp i korte sekvensar, for eksempel etter tema.

Til lags åt alle kan nok ingen gjera på ein einaste radiokanal, derfor har NRK også andre kanalar. Alltid Nyheter og NRK P2 er kanalar der vi stort sett sender verbalinnhald. Men vi håpar jo sjølvsagt at du svingar innom P1 også framover!