Plana manglar respekt og verdigheit overfor enkeltmennesker

PLAN: Anita Ulstad, helsesjef i Steinkjer kommune, orienterte om arbeidet med masterplan for eldreomsorg i Steinkjer.  Foto: Bjørn Erik Øvrelid

Nyheter

Til politikarane i Steinkjer kommune: Kva er det som skjer i kommunen vår?

Dette spørsmålet er det mange som stiller seg etter at eldre-omsorga i kommunen på nytt er sett på dagsorden. Ein masterplan utarbeida av ei kommunal leiargruppe etter instruks frå kommunedirektør Austheim. Ser frå den orientering kommunedirektør Austheim har gitt at ho støtter dei framlagte retningsval som arbeidsgruppa har kome fram til. Når ein les masteplana så bygger den på kun økonomiske prinsipp. Masterplana viser tydeleg at ingen av den alders-gruppa dette gjeld er med i arbeidsgruppa. Dette er eit overtramp av kommunedirektøren.


Enor­me re­ak­sjo­ner på Steinkjer kommunes framtidsplan for eld­re­om­sorg

Byg­der, lag og for­en­in­ger sam­ler seg til pro­test mot kom­mu­nens fore­slåt­te mas­ter­plan, som vil sen­tra­li­se­re mes­te­par­ten av hel­se- og om­sorgs­sek­to­ren i Stein­kjer.

Var pådriver for kommunereformen – nå raser han mot konsekvensene i hjembygda

Nye Steinkjer kommune vil ha lik bemanning ved skolene sine. Nå raser en av kommunereformens arkitekter mot kuttforslag i den gamle hjemkommunen.


På oppdrag av kommunedirektør Austheim er konsulentselskapet PWC engasjert, og i deira rapport har dei skrevet at Steinkjer kommune vil få 200 personar over 80 år dei neste fem åra. Det talgrunnlaget som PWC har kome med burde vore kjend for kommunen utan bruk av eksterne konsulentar. Det blir og for enkelt for kommunedirektøren og leiargruppa å lene seg til konklusjon ved bruk av konsulentar. Men i den konklusjonen som arbeidsgruppa kjem med og som kommunedirektøren er samd i har ein gløymd det vesentlegaste i denne saka, nemleg den eldre generasjon som ikkje får bu i sitt kjende nærområde.


Masterplanen krever nye og gamle briller

Leder i Trønder-Avisa torsdag 16. april.


Mange av dagens eldresenter treng opprusting. Eg trur det er ein bevist politikk av den administrative leiinga i kommunen der pengar til vedlikehald på kommunal eigedom er vorte redusert. Dette er utarming av distrikta og arbeidsplassar ute i distrikta i kommunen. Spørsmålet mitt er: Kor vart det av det daglege vedlikehald som vaktmeistrane gjorde ved all kommunal eigedom der all effektiv tid vart bruka på den enkelte institusjon/ skole osv. Når det gjeld kommunen sitt ansvar for vedlikehald har etterslepet vorte større og større for kvart år også innan vegar, kyrkjebygg osv.

Nedlegging av skolar. Steinkjer kommune har hatt fleire rundar med nedlegging av skolar der grendene sit att med kostnaden med å vedlikehalde dei bygningane som kommunen så fint «ga til bygda» for 1 kr.. Grunnen til nedleggingane var å spare pengar. På nytt var det Bygdene i «Bygdenes by» som vart tappa for ulike viktige funksjonar og no er det dei eldre som er for dyr å drifte.


Varaordføreren: Trenger mer tid før vi kan vedta masterplanen

Varaordfører Øystein Bjørnes tror ikke masterplanen for helse og omsorg blir vedtatt i sommer, og etterlyser blant annet grundige kostnadsanalyser.

Ordføreren lover grundig prosess

Ordfører Anne Berit Lein (Sp) i Steinkjer lover en grundig politisk prosess før ny eldreplan vedtas.


Kompetanse og økonomi i eldresektoren. Kommunedirektøren peiker på at ein ikkje har god nok kompetanse eller økonomi til å møte utfordringane slik det er i dag. Når det gjeld kompetansemangel så er dette ein nasjonal oppgåve. Her må kommunen presse på myndigheitane for å utdanne fleire helsearbeidarar.

I masterplana er det nemnd at mange av dei som arbeider i helsesektoren i Steinkjer ikkje vil ha fulle stillingar. Noen spørsmål:

1. Har kommunedirrektøren gjort noen anonym spørjeundersøkjing om grunnen til dette?
2. Kan det vera noe med leiinga i helssektoren?
3. Er arbeidsforholda godt nok tilrettelagt?

Slike, og mange fleire pørsmål er naturleg å stille.


– Vi kan ikke ha en eldreomsorg som ikke tar hensyn til brukernes behov

Eldres råd mener masterplanen for eldreomsorg i Steinkjer bygger på feil premisser.

Bygda i samlet opprør mot eldreplanen

En samlet bygd reiser seg til opprør mot kommunen, som ikke lenger ønsker å bygge et bofellesskap i Stod.


Økonomi. På nytt tar Steinkjer kommune opp gigantisk lån for å realisere pressgrupper sitt ønske om nytt kulturhus og fotballhall i sentrum. Den kostnadsramma som er sett for desse prosjekta kjem til å bli mye større en det som vart vedteke. Sanne mine ord: Når store prosjekt skal realiserast sit pengane laust i kommunal administrasjon. Isolert sett er alle prosjekt bra, men det blir heilt feil når det atter ein gong er bygdene i Bygdenes by som skal bæra den kostnaden med ei storstilt omlegging av helse og omsorgstenesta i kommunen. På meg verkar det rart at det blir betre økonomi av å legge ned ein rekke funksjonar i distrikta for å bygge store institusjonar i sentrum. Masterplana ser bort frå begrepet «Leve hele livet», eit begrep lansert av regjeringa i stortingsmelding 15. (2017- 2018).


Eldrebølgen kan møtes med sentralisering

I mars legges framtidas plan for eldreomsorg i Steinkjer fram. Dette kan bli Steinkjer kommunes svar på eldrebølgen.


Intensjonsavtalen mellom Verran og Steinkjer. I målsettinga i intensjonsavtalen mellom Verran og Steinkjer står: …… skal nye Steinkjer kommune «være en god kommune å vokse opp i og gi gode og tilpassede tjenester til innbyggerne. Det skal være nærhet til basistjenester innen oppvekst, helse og og omsorg». Nærheit til basistenester bør gjelde for heile kommunen, noe som masterplana ser bort frå. Frivilligheit.

Plana manglar respekt og verdigheit overfor enkeltmennesker. Det er stor frivilligheit ute på bydene i kommunen der bl.a. folk gjennom fleire tiår har lagt ned stor dugnad gjennom å vera med å bygge opp og jobbe for det som er bygd opp ute på bygdene. Folk har jobba aktivt i planprosess og gjennomføring av dugnadsinnsats. Ja, frivilligheita er framleis stor ved institusjonane ute på bygdene i dag. Men kva skjer dersom intensjonane i masterplana blir ein realitet? Æ berre spør?

Til politikarane i Steinkjer kommune: Ved kommunevalet 2019 gjorde Sp eit brakval. Håper at det største distriktspartiet i kommunen ser galskapen i det som no held på skje i administrasjonen med meir utarming av distrikta. All diskusjonen kring masterplana fortel at kommunedirektøren har starta i feil ende. Når vi i tillegg har opplevd ein pandemi forventer innbyggjarane, dei eldre og deira pårørande at det beste er no å skrote heile masteplana. Dersom kommunedirektøren ønsker å fremme ny diskusjon om eldreomsorga, må dei eldre og deira organisasjonar bli vist respekt med å bli teke med i planarbeidet. Noe anna er å halde denne gruppa for narr.