Soldatstatuen: – Aldri i mine 61 år har eg høyrt mor mi ta banneord i sin munn, men no var det svært nær

OMSTRIDT: Denne statue av britisk soldat ved Hustad kirke i Inderøy, til minne om britiske soldater som falt i kamper ved Krogs gård 21. april 1940, har skapt mye debatt.  Foto: Johan Arnt Nesgård

Nyheter

Sist mandag tok eg med mor på ein liten biltur til Hustadkjerka.

Mor er snart 94 år gammal, og har levd over 70 av desse åra på Sandvollan. Ho er ikkje svært mobil lenger, og minnet hennar sviktar ganske mykje. Intellektet er derimot til tider sylskarpt. Ho hadde gjennom avisene fått med seg diskusjonen om installasjonen ved Hustadkjerka, og hadde lyst til å sjå kva dette var. Som alltid når vi kan ta med mor på biltur i nærmiljøet, var ho i godt humør. På vegen opp til Hustad uttrykte ho at mange likar vist denne statuen og, så eg vil hevde at ho ikkje var forutinntatt av mine haldningar.

Når ein kjem opp til Hustadkjerka no er det ikkje lenger den fredfulle vesle middelalderkjerka som fangar blikket, men ein glatt og mørk soldat med svært detaljert uniform, grunnutrustning og gevær. Det skal dog seiast at inntrykket ikkje er så overveldande no på denne årstida, med dei tunge trekronene rundt som dempar noko av inntrykket. Den reaksjonen eg såg hos mor da vi runda siste svingen var imidlertid ekstremt vondt å oppleve. Aldri i mine 61 år har eg høyrt mor ta banneord i sin munn, men no var det svært nær. «Fy ffff…late» kom det frå ho, og også det er eit kraftuttrykk eg aldri før har høyrd frå henne. Eg såg kor den magre kroppen hennar skrumpa enda meir saman, da ho sa at «no får eg hjerteklapp».

For medlemmer i Innherred Forsvarsforening, og sikkert mange andre, kan vel denne reaksjonen framstå som ulogisk og urasjonell, men den er høgst reell. Eg trur ein god del sandvollingar reagerer likt med meg og mor mi, så mitt spørsmål til forsvarsforeninga, som ser ut til å vere dei einaste med beslutningsmakt i denne saka: Kan de ikkje ta i mot den handa som er strekt fram, og gå i ein dialog med dei som har foreslått ei anna plassering? Kven vil tape på det? Da oppnår de at den engelske soldaten kjem heim til sine eigne, og Innherred Forsvarsforening vil ikkje bli oppfatta som ein ny okkupant av mange som lever sine liv på Sandvollan, no 75 år etter at krigen var over. I tillegg unngår dei som kjenner tilhørighet til Sandvollan ein skitten og splittande debatt på sosiale medier, og ei underskriftskampanje som ellers heilt sikkert vil komme.