Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eg er no leiar i Norsk Bibliotekforening, med permisjon frå jobben som biblioteksjef i Levanger ut 2023. Då eg byrja som biblioteksjef i 2015 var det ut ifrå ein idé om at det ikkje var planar om nytt bibliotek i Levanger. Den ideen måtte eg leggje frå meg.
Det vart raskt klart at med den fysiske kvaliteten på den gamle spegel- og gaullistfabrikken må noko gjerast. Fleire initiativ kom. Vaskeriet, Festiviteten og nybygg på bibliotektomta vart vurderte. Berre nybygg på bibliotektomta viste seg kvalitetsmessig og økonomisk berekraftig. Samstundes har det vokse fram planar og ein retorikk om at Trehusbyen er viktig. Kulturmiljøfredninga kom, og Europan 16 gav nytt håp.
Ja til kino og kultur på Moan tross Ap-protest: – Skyver på en balanse vi ikke er klar over
Med framlegget frå kommunedirektøren og vedtaket i plan- og utviklingsutvalet må eg seie at eg kjenner på ein frustrasjon over utviklinga på Levanger. Litt ironisk må eg seie takk for tilliten til biblioteket – for det er tydelegvis biblioteket som skal berge sentrum. Det blir ikkje att mykje anna om og når kultursatsinga på Magneten kjem i gang. Og når signala om nytt bibliotek er at ein må vente til 2030, blir Levanger sentrum tydelegvis sett på vent.
Spørsmålet blir etter kvart om ein berre må innsjå det. Sentrum er flytta ned til Moan, mens «gamlebyen» berre er bustadområde. Kommunedirektøren kallar Moan ein «dynamisk del av byen». I så fall får det nokre konsekvensar for oss som meiner at bibliotek er for folk, ikkje fyrst og fremst for bøker. Når all planlegging sementerer Moan som det røynlege sentrumet i Levanger, blir det å kaste blår i augo på folk å tru at biblioteket skal berge Trehusbyen.

Hva kan man egentlig bruke hullet i en smultring til?
Eit bibliotek er der ikkje for å berge eit gammalt sentrum, eit bibliotek er der for å utvikle kommunen, å gje folk eit tilbod om ein inkluderande, terskelfri møteplass med kultur, kunnskap og danning gjennom samlingar og aktivitetar. Når kommunen så satsar på Moan er det liten grunn til å setje grensa ved biblioteket, og at det er det einaste som ikkje kan flyttast dit. Det er i grunnen symbolpolitikk, sidan det uansett berre vil vera kommunen som avgjer kvar biblioteket skal liggje gjennom eit utbyggingsvedtak.
Vil eg at biblioteket skal til Moan? På ingen måte. Eg bur i sentrum og mislikar sterkt at eg må ned til Moan om eg vil noko anna enn å klippe håret eller kjøpe mat og vin. Men om det ikkje skjer noko konkret dei neste par åra MÅ biblioteket til Moan. Gjennom stadige frislepp av reguleringsplanen har Levanger kommune allereie plassert dei andre sentrumsfunksjonane der.
På kort sikt må eitt av to skje:
- Biblioteket får ta over HEILE bibliotekbygget. Det vil gjera det mogleg å utvikle tenesta og prøve ut ulike tiltak med tanke på kva ein skal gjera i eit nybygg. Kall det ein bibliotek-lab som utviklar møteplassen. Kommunedirektøren har fått i oppdrag å greie ut spørsmålet med tanke på å finne anna lokale til rusteamet. Eg har ikkje sett noko svar på det enno.
- Kjøpe Bøndenes Hus-bygget og plassere biblioteket der, med mogleg utleige til fotomuseet når dei har fått betre finansiering. Der er det plass til å utvikle møteplassen.
Trenden over heile landet er at satsing på nye bibliotek fører til auka bruk og sterkare lokalsamfunn, særleg i samanheng med andre kulturtenester. Biblioteket i Levanger har eit stort potensial om tilhøva blir lagde til rette for det og med dei rette aktørane i lag med det.